lørdag 27. juni 2015

Eit gratis-ord.

 Gratis nåde.

Nåde er eit gratis-ord. For det er tydinga av ordet. Det er noko me får heilt og fullt utan den minste betaling.
  Elias Blix skreiv i 1891 ei salme som tek til slik: Nåde, nåde utan ende… Det er eit nytt perspektiv: nåden tek aldri slutt. Me kan ikkje bruka opp nåden, slik som når ein drikk ein kopp kaffe. Koppen blir tom.
  Slik er ikkje nåden. Og når frelsa er av nåde, er også den slik. Den er fri og evig sjølv om me har mange synder og feil. Me er ikkje verdig til å få den, og har ikkje gjort noko som fortener det.

  Kvifor kan det vera på den måten? Jo, ein annan har betalt. Alt! Det er summen av kristendommen og det unike ved den. Det var heller ikkje kven som helst som gjorde det. Guds Son var den einaste som hadde kapasitet til det. Han var Gud og allmektig og heilag. Og det skjedde då Jesus blei ført til Golgata og hang på krossen. Då ropte han eit «fullbrakt», og då hende underet: Guds frelse var ferdig for alle. 

søndag 7. juni 2015

På leit.

På leit.

  Eg gjette sauene då eg var barn. Ein gong skulle eg sanka dei saman og leia dei heim. Eg fekk streng beskjed om at ALLE måtte koma heim. Og denne gongen mangla det ein eller to. Då måtte eg opp i lida ein gong til. Eg gjekk og gjekk mellom steinar og buskar og ropa og leita. Kor var dei henne? Det tok til å bli mørkt, men eg våga ikkje å gå heim. Eg måtte ha sauene med meg.
  Så hende det underlege: Mor og far vart redde for meg, og dei tok til å leita etter meg! Dei ropte ut i skogen og marka og bad meg koma heim. Og då eg nådde dei, fortalde dei at sauene var komne heim av seg sjølv.

  Her var det altså ei dobbel leiting. Slik er det kanskje i livet. Mange er på leit, etter nye ting og opplevingar og etter meininga med livet. På same tid er Gud på leit. Jesus kom til jord m.a. som hyrding. Og han er på leit etter menneska som ikkje har sjelefred og himmelbillett. Han tek imot alle som kjem. Velkomen heim, seier han.
Nils Dybdal Holthe.

Luther er død.

Luthers død.

Reformatoren Martin Luther døyde 18.febr. i året 1546, berre 62 år gamal. Men han sette djupe merke etter seg. Ein treng ikkje vera overtydd lutheranar for å setja pis på denne mannen. Heile vår soge tok ei ny vending då.
  Det var særleg læra om å bli rettferdig for Gud ved tru på Kristus åleine som var grunntonen hans. I preiker og kommentarar og brev tok han det opp att: Du blir ein kristen ved berre å tru på Jesus. Me skal ikkje koma til han med ein sekk full av gode gjerningar. Me får koma slik me er, med tvil og vantru og synder av ulik slag – og be om frelse. Det får me utan betaling. Det kallast nåde.
  Grunnen til dette eineståande tilbodet er Jesu gjerning. Det er ikkje hans under og talar som gjer det. Slik Luther døyde måtte også Jesus døy. Men då Jesus hang på krossen tok han med seg all verda si synd og skyld. Han betalte for alt. Det er difor me kan gå fri.
  Har me takka han rett for det? Det skjer når me gir livet vårt til han.

Nils Dybdal Holthe.

SOS

SOS.

  Det er det gamle naudsignalet som var og er brukt på sjøen når skipet er i naud. I morsespråket er det tre prikkar og tre streker og tre prikkar igjen. Om lag slik: … --- … SOS tyder: Save our souls – frels våre sjeler. Det kan og tyda: Save our ship - berg skipet  vårt. Mange båtar har blitt berga på den måten.
  I nyare tid  er det kome inn eit nytt naudsignal: May Day. Det har ikkje noko med maydagen å gjera. Det kjem av eit fransk ord som tyder: Kom og hjelp meg. Det er eit talesignal der ein ber om hjelp.
  Det er godt å få hjelp til havs eller i lufta. Og det gjeld at hjelpa kjem fram i tide. Då har eg tenkt på eit anna kallesignal: Det er bøna til Gud når ein er i syndenaud eller andre problem i livet. Dei kan koma før ein veit ordet av det.
  I slike stunder har me altså lov å senda ut ei bøn til himmelen. Det treng ikkje vera mange orda. Eit SOS er nok. Gud høyrer godt og han ser kvar sjel på jord. Ta kontakt med han! 
Nils Dybdal Holthe.

Etter påske.

Etter påske.

    Påske er den viktigaste høgtida for kristenfolket. Store ting hende i verda, til beste for alle som vil tru og ta imot. Julehelga talar om Jesu kome til jord. Det var eit under. Og i pinsehelga kome Anden, han skulle vera Jesu representant på jorda.
   Og mellom desse ligg påske. Det var då Jesus gjorde si gjerning. I tida etter påske får me leva i lys av dette. For då gjorde Jesus noko som ingen andre kunne. Også det er eit under. Ikkje ein gong englane kunne gå i hans plass, og slett ikkje noko menneske.
   Det var ikkje politikk eller kultur og sosialarbeid. Jesu gjerning var religiøs. Skal me forstå poenget med det han gjorde, må me tenkja med religiøse ord! Av di menneska hadde synda grovt mot Gud, måtte Gud døma og straffa – slik det òg er vanleg i ein rettsstat. Hvis alle skulle dømast, ville det betyr at heile verda gjekk fortapt for alltid.
   Då kom Jesus. Han tok dom og straff og sona alt for alle då han døyde og stod opp. Difor er påske den STORE dagen for oss. Alt er ferdig for alle, men kvar og ein må ta imot det.

Nils Dybdal Holthe

Fridom

Fridomsdagen.

I desse dagar er det minne om fridomsdagen i 1945. Krigen var slutt. Den dagen hugsar eg godt. Far hadde vore i Osen. Heime sette han sykkelen frå seg og kom bort til oss gutane som prata med drengen, han Per. Du kan ta fri i dag, sa far til han, for nå er landet fritt!
  Så stort var det for dei vaksne. Me små skjøna ikkje så mykje av det. Men det var klårt: Noko stort hadde hendt. Seinare har eg tenkt på det mange gonger. Og nå høyrer me stadig om folk som er i krig, som lir og døyr. Somme er på flukt frå land til land. Alle søkjer ein trygg og fri stad.
  Då kjem også tanken på ein annan fridom. For me har ikkje berre strid mot ytre krefter og menneske. Det er noko vondt inne i oss også. Me har alle høyrt om folk som let vondskapen koma ut og øydeleggja for andre. Men me har alle noko i oss. Då har eg lese om ein som sa: Får Sonen gjort dykk fri, vert de retteleg frie. Det er ein hovudtone i den kristne bodskapen om Jesus som Frelsar. Og det er stort.

Nils Dybdal Holthe

Stormakt.

DEN STERKASTE STORMAKT!

Det var midt på 1950-talet, og folk var mykje opptekne av atomkrafta og bombene dei kunne laga. Det var kaldt krig mellom stormaktene i aust og vest. Ein misjonær talte då i Oslo på eit misjonsmøte. Han talte om bøn til Gud og sa: Det er den sterkaste stormakt i verda.
  I salen sat ein redaktør, Trygve Bjerkrheim. Han gjekk heim og sovna. Midt på natta vakna han med tanken: Den sterkaste stormakt! Kva var det? Då stod songen for han og han skreiv ned orda: Det er makt i de follede hender. To vers vart skapte den natta.
  Ein frelsesoffiser (Linderud) fekk sjå songen, og han gjekk opp på kontoret til Bjerkrheim og sa: Det manglar eit vers. Du må skriva noko om dei som ber for borna sine. Og det vart vers nr. 2: Du som ber for ditt barn, dine kjære…
  Songen står i fleire songbøker og vart mykje brukt, også i NRK ei tid. Her traff diktaren ei nerve hjå folket. Det er svar underveis, står det i koret.

                   Nils Dybdal Holthe