Gratis nåde.
Nåde
er eit gratis-ord. For det er tydinga av ordet. Det er noko me får heilt og
fullt utan den minste betaling.
Elias Blix skreiv i 1891 ei salme som tek til
slik: Nåde, nåde utan ende… Det er eit nytt perspektiv: nåden tek aldri slutt.
Me kan ikkje bruka opp nåden, slik som når ein drikk ein kopp kaffe. Koppen
blir tom.
Slik er ikkje nåden. Og når frelsa er av
nåde, er også den slik. Den er fri og evig sjølv om me har mange synder og
feil. Me er ikkje verdig til å få den, og har ikkje gjort noko som fortener
det.
Kvifor kan det vera på den måten? Jo, ein
annan har betalt. Alt! Det er summen av kristendommen og det unike ved den. Det
var heller ikkje kven som helst som gjorde det. Guds Son var den einaste som
hadde kapasitet til det. Han var Gud og allmektig og heilag. Og det skjedde då
Jesus blei ført til Golgata og hang på krossen. Då ropte han eit «fullbrakt»,
og då hende underet: Guds frelse var ferdig for alle.