Andaktar
frå 2. Mosebok
Av Nils Dybdal-Holthe
2000
32) Israel i naud. 2. Mos. 1.
Israel hadde det godt i lang tid, så lenge kongen
kjende Josef og det han hadde gjort for folket. Ryktet om han har nok halde seg
lenge.
Då kom ein ny konge, og han var ukjend med denne
historia. Det kan ha vore Hyksos-kongen ikr. 1730 f. Kr. Då tok slaveriet til,
og Israel fekk det vondt. Han tvinga dei til å bli trelar, v. 13. Hardt arbeid
og lite mat var vondt. Verre vart det då alle guteborna skulle drepast.Dei
skulle kastast i elva Nilen. Mange døydde i Israel då.
Dette kan stå som eit bilete på det slaveriet
menneska er i under Djevelen og synda. Alle er syndarar og synda sin trel. Og
det er eit hardt liv som endar i den evige død. Ve dei som ikkje kjem laus frå
det.
Då hende noko. Jordmødrene hadde age for Gud, står
det. Dei såg kva som heldt på å skje og at det ikkje var rett. Det var mot Guds
ord og bod. Så gjekk dei til sivil ulydnad. I dag vil ein lett kunna tenkja på
abort som døme og parallell. Jordmødrene fekk som oppgåve å drepa borna. Det
kunne dei ikkje når dei trudde på Gud.
Som forklaring hadde dei faktisk ei naudløgn: dei
jødiske mødrene er så sterke at dei har fødd før me kjem. Det viser at dei
skulle ha drepe dei i mors liv før dei vart fødde. Så djupt kan folk
falla. Men det er godt når det er nokre – om berre få – mødre og fedre som trur
på den levande Gud og vågar å ta konsekvensen av det. Og Gud vil velsigna det
folk som fylgjer hans bod. Korleis stiller du deg til det Herren Gud har tala?
* Sæle er dei som tek vare på hans vitnemål. Salme 119, 2.
33) Moses - Guds redskap. 2. Mos. 2.
Gud vel seg ut spesielle reidskap for å gjera
spesielle gjerningar. Ikkje alle kan brukast til alt. Me har alle våre
avgrensningar. Moses var ein slik reidskap i ei spesiell tid. Han skulle leie
Israel ut or Egypt då folket heldt på å gå til grunne. Men Moses var uferdig
som leiar i Guds rike. Gud måtte utrusta han og hjelpa han.
Som barn vart han berga ved eit under. Foreldra blei
brukte av Gud til å gøyma han for domen. Men då han vart stor, valde han sjølv
å gå Guds veg, Hebr. 11,23-27. Det er fint med ein god heim, men me må sjølv ta
eit val og venda om. Etter ein mislukka freistnad på å hjelpa i eiga kraft, og
40 år i øydemarka, fekk han eit nytt og personleg møte med Herren ved
tornebusken. Då var han 80 år.
Me prøver ofte å gjera alt på vår måte, og å hjelpa
Gud. Det går aldri bra. Kjøtet forstyrrer alltid Guds planar og vilje, og han
må stansa oss. Ofte fører han borna sine ut i einsemd og kamp for å læra oss
noko viktig.
Når den rette tida kjem, og me er reide, leier han
oss til tornebusken. Der møter me den levande Gud. Og i lyset frå den brennande
tornebusken ser me oss ssjlve. Gud får gjera oss små og audmjuke. Då har me
ikkje lenger stor tru på oss sjølve. Moses var viljug og ivrig då han gjekk i
kjøtet. Men motet svikta då Gud kalla. Likevel gjekk han på Guds bod, for nå
slo hjarta i takt med Guds hjarta.
Vår teneste blir aldri rett når me går i eiga kraft.
34) 2. Mos. 2. Israel si bøn og berging.
I si naud og fortviling ropte Israel til Gud. Dei
sukka og klaga over treldomen, v. 23-25. Dette var ikkje død ritualbøn og vane.
Bøna steig opp frå ei ufatteleg naud, og då vert det eit inderleg rop.
Då står det: Ropet steig opp til Gud. Han høyrde bøna
og kom i hug pakta si med fedrane. Han visste kva som hende i Egypt. Guds folk
si naud er ikkje ukjend for han.
Slik er han alltid. Me har òg ei opa telefonline opp
til himmelen når nauda og lidinga pressar på - så vel som i gode dagar. Me kan
alltid koma - og "slå på tråden", som me sa før.
Og han høyrer bøner og og svarar alltid etter sin
vilje. Slik opplevde Israel det.
Guds svar vart Israels berging. Han ikkje berre
høyrde dei, han såg til dei, står det - og han kjennest ved dei? Det er vår
von. Det har lite å seia kven som elles kjenner oss, sjølv om det kan vera
nyttig å kjenna viktige personar i visse høve.
Her er det himmelens Gud som ser korleis Guds folk
har det. Og han kjennest ved dei. Det tyder at han tok imot dei og aksepterte
dei, som Luther omset det. Han hadde omsorg for dei (KJN) og ga dei hjelp i
rett tid.
Slik har Guds folk alltid opplevd Herren. Han sender
hjelp når me treng den mest, og me opplever ei omsorg som ingen andre kan gi.
Er du ein av dei som ropar til han? Han
kan svara og hjelpa.
*
"Gud hører bønner i dag som før, bønnen er nøklen til nådens dør."
35) 2. Mos. 3. Gud i
Tornebusken.
Det var eit underleg syn Moses fekk denne dagen. Midt
i arbeidet som gjetar møter han Gud, på ein ny måte. Han skjøna ikkje straks
kven det var, ikkje før Gud tala til han.
Her er me ofte. Midt i livet og strevet møter Gud oss
med sitt ord. Ikkje alltid ser me at det er han, det vart først klårt etterpå.
Men han ville oss noko.
Her møter Moses den levande Gud, han som var
frå gamal tid. Han var der då. Han var fedrane sin Gud: Abraham, Isak og Jakob
trudde på den same Gud som Moses. Det gav styrkje i kallsoppgåva.
Og han møter den heilage Gud. Dra skoa av
føtene, fekk han høyra. Det var uttrykk for vyrdnad. Moses skulle vera audmjuk
og liten når han nærma seg Herren.
Kor mykje me har å læra! Han er like heilag og
nidkjær nå. Og me skulle og burde syna same respekt som Oses, for me er like
små. Me er på heilag grunn i slike stunder, for Gud er nær. Jesaja opplevde det
same i templet Jes. 6), og me bør læra betre at Gud er heilag i vår tid.
Moses møtte også ein frelses-Gud denne dagen.
Han kjende den nauda folket var i, og nå ville han fria dei ut, v. 8. Gud stig
ned i vår naud og veit råd. Det viser at den heilage Gud også er ein kjærleg
Gud. Han vil berga dei bortkomne og fortapte. Det viste han seinare ved å senda
Sonen sin for å døy på ein kross. Det "fullbrakt" som lydde der, var
eit rop frå Gud: Eg vil frelsa deg! Nå er porten open.
Har du gått inn der?
36) 2. Mos. 3. Gud og Guds
folk
Tornebusken er eit bilete på Israel og Guds folk. Dei
var i trengsel i Egypt og var i ein fortærande eld. Busken var liten og
ringeakta, og nå stod den i lys loge. Var det ute med Israel? Ville Guds folk
bli fortært og øydelagt der i trengsla?
Då såg Moses noko som undra han. Busken brann og
brann, men brann ikkje opp. Det hadde aldri hendt før. Moses skjøna det
kanskje. I alle høve fekk han sjå det seinare: Israel levde trass i all
motgang.
Men denne gongen fekk han Gud ord på at det skulle
vere slik. Gud ville fria folket ut og føra det til eit godt og vidt land.
Då trong Gud hjelp! Det er endå meir forunderleg. Den
evige Gud treng svake og feilande menneske. Moses skulle gå til Farao som Guds
sendebod.Alt dette har parallellar i vår tid. Me har den same Gud.
Kven var så denne Gud? Ville Israels folk tru at han
kom som deira hjelpar? Og ville Farao tru?
Då kjem svaret. Guds evige namn er: Eg er den
eg er. v. 14. Med det vil han seia: Han er den evige Gud, som var og er og
blir. Han er utan byrjing og utan ende. Han er ikkje laga av menneske og ikkje
skapt. Han har alltid vore og vil alltid vera. Difor er han uimotståeleg.
For å gjera det klårt for Israel og overtyda folket,
skal han seia: Det er Jahve, den Gud fedrane trudde på. Då ville dei tru. Og
det gjorde dei.
Nå er me her. Den same evige Gud er med oss slik at heller
ikkje me går udner i synda og verda. Det har han vist ved å senda oss sonen
sin.
37) 2. Mos. 4. Orsakingar
Moses tvilte på at han hadde eit spesielt kall som
det han fekk ved tornebusken. Han kom med mange orsakingar, og han vegra seg
for å lyda ordren. Her liknar mange av oss på Moses.Har ikkje me og sagt: Dette
kan eg ikkje.
Først: Han var udugeleg, 3,11. Korleis kunne
han gjera ei så stor oppgåve? Er det uttrykk for at han er audmjuk på rett
måte, er det eit fint trekk eit menneske. Men har me ikkje ofte drege oss unna
avdi me ikkje ville?
Dinest: Kven har sendt meg? Han kunne ikkje gå
i sitt eige namn, 3,13. Dette viser ei fin utvikling hjå Moses.Han hadde vakse
i nåde. Før hadde han nett gått på eiga hand, og det enda med drap. Det var nå
Gud openberra sitt rette namn for han: Eg er. Jesus brukte det fleire gonger om
seg sjølv.Joh 10 og 15. Det er for han me skal gå.
Deretter nemner Moses vantrua hjå folket. Dei
ville nok ikkje tru han, ein vanleg mann! Då svara Gud med under. Han skulle
bruka staven, eit teikn på makt og herrevelde. Farao skulle sjå at han var
sendt av den Allmektige Gud.
Men Moses hadde endå ei orsaking: Han kunne ikkje
tala godt nok. Sjølv om Herren sa: eg er med deg, ville han ikkje. Send
kven som helst annan, var svaret. Då var det han fekk broren Aron som hjelpar.
Mange har vore i same stoda og sagt: Eg kan ikkje gjera noko for Gud. Og Herren
svara: Eg skal gå med og hjelpa deg. Kva svarar du då?
38) 2. Mos. 4,25.
Blodbrudgomen
Moses er på veg til Egypt på livsverket sitt, kap.
4,24. Då vart han truleg sjuk og og heldt på å døy (Herren ville ta livet av
han). Årsaka var nok at Moses hadde forsømt å omskjæra den eine sonen sin. Det
var å bryta pakta med Gud, ein slik mann måtte døy. 1. Mos. 17,14.
Sippora, kona til Moses, redda han. Ho omskar guten
med ein stein - det han burde ha gjort. Det var smertefullt og blod rann. Då
seier ho: Du er ein blodbrudgom for meg. Då meinte ho: Eg måtte kjøpa deg
(livet ditt fri) med blodet av sonen min. Det kosta blod å berga deg.
Den som bryt pakta med Gud, må døy. Og ingen kan til
liv med Gud utan smerte. Guds ord skaper anger og smerte i sjela. Men det er
naudsynleg for å bli frelst.
Moses vart frisk att og heldt fram med oppdraget han
hadde fått. Kanskje sende han familien heim att, slik skriv M. Henry.
Dette høver godt på ein kristen. Me er syndarar og
har brote pakta med Herren. Det fører til den evige død. Berre ein annan kunne
berga oss ved sin død og sitt blod i vår stad. Gud sende sin eiegen son, og
hans blod vart til soning for oss. Jesus er vår blodbrudgom, kjøpt med hans
eige blod. Ved å tru på han er du berga. Då får du nytt liv. Men det kan kosta
smerte å ta imot. Guds ord dømer samvitet og alt me er. Men dette er den
einaste veg til frelse.
39) 2. Mos. 5. Lat folket
mitt fara
I dette kapitlet får me høyra korleis Farao legg
større plager og meir arbeid på Israels folk. Han avviser klagene deira, men
Moses går til Herren.
Herrens ord til Farao var: Lat Guds folkfara! Dei
skal halda høgtid. Det endelege målet var nok full fridom - det var Kana'an.
Men første steg var å gå ut or Egypt, landet med treldom og harde plager.
På same vis er det med oss som lever i ei syndifg
verd. Herren seier: Lat folket fara - inn i Guds rike.
Farao var hard i tanken. Det er ikkje erkjenning i at
han seier at han ikkje kjende Israels Gud. Det er meir hykleri og forakt. Eit
folk som var så elendig og var hans slavar, måtte også ha ein liten og vesal
Gud, tenkte han. Gudane i Egpt måtte vera større, for hans rike var eit stort
rike.
Slik tenkjer truleg mange vanlege menneske nå òg. Der
det er mange "kristne" og dei viser att i samfunnet, vil folk lett
tenkja at Gud er viktig. Men jo færre dei er, jo meir vil verda bli styrkt i
den tanken at Guds ord er lite viktig. Det er same tanke som ligg under når ein
klagar over naud og ulukker. Då spør dei: Kor er Gud? Og i Islam finn med same
tankegang.
Det er ikkje alltid Gud svarar raskt på våre
"kvifor". Moses hadde sine spørsmål, v. 22. Han måtte læra at Gud
arbeider på langt sikt. Likevel fekk han svar, kap. 6,1. Herren skulle nok
tvinga Farao med si makt.
Det kan han i dag òg.
40) 2. Mos. 6-10. Plager
Farao ville ikkje la Israel reisa ut or Egypt. Herren
måtte tvinga han med harde midler. Difor sende han 10 plager over landet for å
visa Farao at Herren var Gud og ingen annan.
Men mennesket lærer seint. Kvar gong ei ny plage kom,
forherda Farao seg,og dermed tapte han gangsynet. Han såg berre sitt eige hat.
Dei første plagene var mest til skrekk og åtvaring og var nok ubehagelige. Då
det ikkje hjalp, sende Herren direkte fåre.
Når eit menneske seier nei til Gud fleire gonger og
slik gjer seg sjølv hard, forherdar Gud dette mennesket.
Då har mennesket spotta Ånden sitt kall så lenge at
det ikkje lenger kan bli frelst. Og her gjeldt det eit heilt folk der leiaren
var gudlaus.
Farao erkjende synda - med munnen, og det vart snart
gløymt. Men Gud tvinga han ved ytre ting til å ta ei avgjerd. Det skjedde
trinnvis slik Judas tok litt kvar dag.
Og Moses i alt dette? Korleis var han? Han var
tålsam, kom igjen og igjen - ikkje kald og dømande. Han tala sanninga utan å
vera redd. Han slo ikkje av, men viste Farao dom og straff som ville koma ved
eit nei. Slik var han eit føredøme på ein sann Herrens tenar.
Då siste plaga kom, var det eigentleg for seint for
Farao. Det vart ein demonstrasjon på Guds endelege dom: død. Mon det snart er
slik med Noreg?
41) 2. Mos. 11-12. Dom og
frelse. Den første påske
Farao hadde synda mot Gud ved å nekta Israels folk å
reisa ut. Og då kom Guds dom over Egypt.
Men
han ville frelsa Israel - det var hans utvalde folk. Gud ordna nå ein veg til frelse for
dei, og det var berre slik dei kunne bli berga. Denne første påske for Israel
er eit talande bilete på korleis også me kan bli frelst.
Lammet er sentralt og naudsynleg. Uten det kunne ingen bli berga frå døden. Og det er bilete
på Kristus, 1. Kor. 5,7; Joh. 1,29. Men lammet måtte døy. Det var
stedfortredar for Israels folk. Den førstefødde i alle heimar måtte døy, sa
Gud. I Israel
skulle eit lam bli slakta, og slik gjekk Israel fri domen.
Kvar einskild måtte bruka blodet på si dør, v. 7.
Elles var ikkje lammet til nytte for dei. Kvar familie måtte stryka blodet på
dørstokkane. Då først var dei trygge når domen og mordarengelen kom. Det var altså
berre blodet som kunne hjelpa dei. Alt anna var uvesentleg og nyttelaust.
Slik
er også vår frelse. Me treng Jesu soningsblod på vårt hjarta. Det skjer
ved å vedgå synda og tru på Jesus. 1. Joh. 1,1 og 9. Det er berre slike som
kjem til himmelen. Åp. 7,14f.
Då Israels folk hadde strøke blodet på dørstolpane,
var dei altså trygge. Om dei tvilte, kunne dei sjå på blodet. Då visste dei at
Guds dom ville gå forbi dei. Det er også vår tryggleik.
Når Jesus kjem att, vil han henta dei for dei kjenner
han. Men til den dagen får me eta lammet. Det er vår reisekost. Me treng denne
åndelege maten kvar dag. Utan den er me ikkje reiseklare. I han har me
utløysinga ved hans blod, forlating for syndene. Ef. 1, 7.
42) 2.Mos. 12-13-14. Vegen
vidare
Etter utfriinga frå trelelivet i Egypt, skulle Israel
ut på ei lang reis. Dei skulle til israels eige land, Kana'an. Og det som hende
då kan stå som bilete på eit sant kristenliv. Alle kristne er på reis mot det
himmelske Kana'an.
Først skulle dei eta lammet som reisekost, men dei
måtte gjera det på ein bestemt måte. Og her kan me læra noko.
43) 2. Mos. 15. Moses sin
lovsong
Israel vart vel berga over Raudehavet, eller Sivsjøen
som ein del av den er kalla. Dei såg fiendane sokk i havet, og dei sjølve var
trygge på andre sida. Moses er ikkje då fylt av verdsleg hat og skadefryd. Det
er trongen til å takka som kjem for han. Difor syng han nå om det Gud hadde
gjort. Kva var det?
44) 2. Mos. 16. Manna frå
himlen
Israel er på vandring i øydemarka og opplever
vanskar. Då knurra dei - for tredje gong. Me menneske har så lett for å knurra
og klaga når motgangen kjem, slik Israel gjorde.
Denne gongen gjaldt det maten. Dei hadde ikkje brød.
Då gjorde Gud eit under for augo deira og sende himmelbrød, manna. Men nå ville
han prøva dei, om dei ville gå Guds veg. Spørsmålet for oss òg er dette: Vil me
lyda Guds ord sjølv om det smakar lite?
Kva med Israel? Bestod dei prøven? Dei fekk nok for
kvar dag, det var Herrens lovnad. Men dei skulle eikkje samla manna på
sabbaten. Det var ein heilag dag. Kvar fredag skulle dei samla dobbelt for sin
familie. Og det gjorde mange.
Men nokre gjorde slik dei sjølv meinte var best. Dei
samla meir enn dei trong andre dagar og. Så slapp dei samla neste dag. Korelis
gjekk det? Godkjende Gud menneska sine planar og tankar?
Nei. Maten rotna, var full av makk og lukta vondt,
v.20. Gud hadde sagt dei skulle henta manna kvar arbeidsdag, og det han seier
må skje. Det finnest ingen veg utanom Guds ord.
Slik må det òg vera i vårt trusliv: Me må henta noko
nytt og friskt frå Gud kvar morgon! - Dette varde på heile reisa, heilt til dei
stod ved grensa til Kana'an, v. 35. Josva 5,12. Slik er Jesus livsnaudsynleg
for oss kvar dag på denne jorda.
Har du funne mat i dag?
45) 2. Mos. 17. Ved Refidim
2. Mos. 2 Vegen går vidare og folket opplevde mykje.
det var ein Guds skule for folket. Denne gongen mangla dei vatn. Dei
hadde opplevd det før òg, ved Mara, kap. 15.
Kvar gong Israel kom opp i vanskar, knurra dei og
klaga. Det var betre i Egypt, var omkvedet. Tenk på kjøtgrytene der! Treldomen
og slitet hadde dei gløymt. Fortida stod for dei som lys og lett.
Kor like er ikkje me ofte. Det skal så lite til før
me klagar. Så tykkjer me alt var betre før, og at andre har det lettare enn
oss. Dei timelege sorgene får oss til å gløyma Guds nåde og hjelp.
Kvar gong gjekk dei til Moses, leiaren for folket.
Korleis løyste han denne konflikten? Først hadde han ei bønestund. Kvar gong
det var vanskar, gjekk han til Gud og bad for folket. Det vart bønekamp i
teltet til Moses. Guds profet streid med Gud på kne.
Tenk på det: Guds folk bad ikkje, dei klaga. Dei
tenkte jordisk og menneskeleg og ville ha det godt og behageleg.
Kva gjorde så Gud i dette? Han gav dei eit middel
eller ein måte å løysa problemet på. Han løyste det ikkje med eit tryllelsag
ein gong for alltid. Han sa til Guds tenar: Slik skal du gjera! Ansvaret blei
faktisk lagt over på Moses. Han var Guds sendemann på jord då, slik me er det
nå. Og spørsmålet er: Tek me dette ansvaret på oss, vil me gå Guds ærend
mellom folket i vår tid?
Gud signe kvar ein som gjer det.
46) 2. Mos. 17. Guds
frelsesmåtar
Både ved Mara og Refidim mangla folket vatn, og
Herren viste Moses korleis han skulle hjelpa dei. Begge gongene var Moses lydig
og gjorde som Herren sa.
Ved Mara sa Herren at han skulle kasta eit
trestykke i vatnet, då skulle det bli godt. For der var vatnet bittert, slik
livet så ofte er for oss menneske. Moses gjorde det, og då skjedde eit under.
Det var Gud som greip inn med si makt. Me kan ikkje
forklara kvifor det hende. Det var eit under, og det kan me aldri forklara. Gud
gjorde det i si allmakt. Sume brukar dette treet som symbol på krossen. Og
krossen og evangeliet har den same kraft til å gjera det sure søtt og godt.
Ved Refidim skulle Moses slå på fjellet, og
vatnet skulle strøyma fram. Det var òg eit under og ei uvanleg hending. Gud
greip inn. Paulus viser til denne hendinga i 1. Kor. 10,4 og seier berget var
Kristus. Han vart slått til døden for å
hjelpa og frelsa oss. For all frelse er av Gud.
Her ser me forresten noko meir om frelsa. Dette
vatnet var den einaste redninga deira. Det fanst ikkje anna vatn. Og det var
fritt og gratis. Dei måtte ikkje gjera noko for å få det. Folket skulle berre
ta imot, drikka alt dei kunne. Det stemmer så godt med evangeliet. Jes. 55,1;
Åp. 22,17.
Det var meir enn nok til alle, ingen blei vist bort.
Slik er det levande vatnet, Jesus Kristus. Joh. 4,10. Har du bede han om det?
Lovnaden er at alle som kjem, får hjelp. "Kom drikk igjen, min
sjel--."
47) 2. Mos. 17,8-16. Striden
med Amalek
Nå møter Israel sin første verkelege fiende på reisa.
Det var Amalek som stamma frå Esau si ætt. Så
lenge Israel var lite og ringe, var det lite kamp. Då var dei inga trugsmål mot
fienden. Annleis blei det når Guds folk blei sterke og myndige. Då reiste den
vonde seg til kamp og strid. Slik er det i all åndskamp.
Likevel var Israel utan makt og kraft til å kjempa
mot Amalek. Fienden ville vinna sjølv om dei også var få. Amalek var fylt av
hat og fanataisme.
Moses sende folket ut for å slåss. Dei måtte gå i
striden. Moses skulle også kjempa, men ikkje med sverd og spyd. Moses skulle
stå øvst på haugen med Guds stav i handa. Den hadde hjelpt dei i Egypt. To menn
var med han på fjellet, Aron og Hur.
Då vart det slik at så lenge Moses lyfte handa med
staven mot himmelen, vann Israel siger. Josva og folket måtte kjempa det dei
kunne. Men Moses sine løfta hender var avgjerande.
Då hende det at Moses vart trøytt og hendene seig, v.
12. Han kvilte hendene sine (KJN). Då fekk fienden overtaket. I den stunda
trong Herrens tenar hjelp. Aron og Hur støtta hendene hans, ein på kvar side.
Slik heldt dei på heile dagen til sola gjekk ned. Då sigra Josva og Israel.
All strid i Guds rike er slik. Me skal gjera det me
kan. Det avgjerande er likevel kontakten med himmelen i audmjuk bøn. Der vinn
me kampen. Også me blir slitne og vil kvila. Då er det godt å få hjelp, nokon
som kan stø oss.
Lat oss lyfta hendene mot den Allmektige i trua på at
berre Han kan hjelpa oss. Her må alle truande stå saman, heilt til livssola går
ned.
48) 2. Mos. 18. Jetro
Jetro
var svigerfar til Moses. Han var prest for den høgste Gud, står det, sjølv om
han stod utafor det utvalde folk. Han kom til Moses då dei var i Refidim og
hadde kona og dei to sønene til Moses med seg.
49) 2. Mos. 19. Ved Sinai
Frå Refidim kom Israel til Sinai, v. 2. Her vart dei
verande ei tid, og store ting hende. Moses stig opp på fjellet og møter Gud.
Det første Gud gjer er å gi ein veldig lovnad til
folket. Hvis dei verkeleg ville halda Guds pakt og høyre på hans ord, skulle
dei vera Guds eigedom.
Nå var dette ein lovnad med vilkår, og Israel klarte
ikkje å halda pakta. Likevel tok Gud seg av dei.
50) 2. Mos. 20. Lova
Bibelen er delt i to læremessige delar: lov og nåde
eller evangelium. Men det tyder ikkje at alt i GT er lov og NT berre
evangelium. Lova er det som krev noko av oss for å vera og leva rett.
Evangelium er det som berre gir.
På Sinai fekk Moses og Israel lova frå Gud, gjeven på
to tavler. På den første stod om menneska sitt tilhøve til Gud. Det er dei tre
første buda. Der talar Gud om å ikkje ha avgudar, eller om ikkje å ha noko ved
sida av eller i staden for Israels Gud. Det står først og er det aller
viktigaste.
Ein Gud er det som opptek oss mest og som me stolar
mest på. Og det kan skifta med tida og kulturen. Det treng ikkje vera ein Gud
av stein og tre. Det kan vera oss sjølve eller noko i verda. Trur me ikkje på
den sanne Gud, er alt tapt.
Det andre er omsynet til Guds namn og dinest
Guds dag. Det er viktig. Her gjeld det Guds ære meir enn hans eksistens.
Me opplever at store og små bannar i Herrens namn og bruker hans dag til
verdslege gjeremål. Det er aldri rett.
51) 2. Mos. 21-. Lovar for
Israel
I tillegg til dei ti boda, fekk Israel mange andre
lovar og føresegner ved Sinai. Det var seremonilovar og meir praktiske reglar
for livet. Ein del av dei kan ein faktisk likna med det sivile lovverk som alle
land må ha. Og det var ikkje noko galt med det.
Me finn reglar om trælar, om drap, om tjuveri og
anna.
52) 2.Mos. 24. Guds pakt
53) 2. Mos. 25. Paktkista
Det er interessant å sjå at paktkista (arken) er
omtala før sjølve tabernaklet. Sjølve teltet er her berre nemnt som ein
stad eller heilagdom for Gud.
Paktkista er det viktigaste i tabernaklet. Den blir
nøye forklart i kvar detalj. Den skulle vera kledd med gull - det edlaste
metallet dei hadde. Dei skulle kunne bera den ettersom folket flytte frå stad
til stad på reisa. Og i kista skulle lovtavlene vera - vitnemålet. Sjølve kista
var av akasietre.
Dette er eit bilete på Kristus som Gud og menneske.
Han har oppfylt lova sine krav og er slik lova sin ende til rettferd for dei
som trur, Rom. 10,4.
Over kista var loket, også kalla nådestolen. Ordet
tyder forsoningsdekke, og det var like stort som kista. Det er Kristus i hans
forsoning som eit fullstendig dekke over lova sine krav. Han har gjort soning
for alt. Me korkje skal eller kan gjera noko.
Over alt dette var kjerubane med Guds herlegdom.
Mellom Gud og Guds lov er Kristi forsoning, nådestolen. Difor skal ikkje Gud
tilrekna oss og døma oss for våre synder når me er i Kristus.
Og nett her er Gud, og her vil han møta oss og tala
med oss, v. 22. Me kan berre møta den heilage Gud her, der han synder nåde mot
den verste syndar.For Kristus har teke bort skuldbrevet vårt på krossen. Kol.
2,14. Rom. 3,25. Då er livsspørsmålet: har du funne din plass der?
54) 2.Mos. 26. Tabernaklet
Tabernaklet er Guds heilagdom i øydemarka, kap.
25,8-9. Moses fekk høyra og "sjå" korleis det skulle vera då han var
på Sinaifjellet, kap. 25,40. Det skulle reisast på den rette måten, 26,30. Gud
var altså nøye med at heilagdomen skulle vera etter hans vilje.
Dette lærer oss noko. Det er ikkje likegyldig korleis
med ordnar arbeidet i kyrkje og bedehus. Ingen ting er eigentleg berre eit
"ordningsspørsmål" som me kan avgjera fullt og heilt. Alt skal tena
Guds sak og æra han.
Me legg merke til at stenger og tepper til teltet er
omtala i detalj. Her er sølv og gull og farga skinn og ull. Alt har sin plass,
og tabernaklet er fullt av symbolikk.
Ei viktig sak er at teltet var delt i to rom. Mellom
dei var eit forheng som skiljevegg mellom det ytre heilage rommet og det indre
- det aller heilagste (det høgheilage). Det var der inne at kista med
nådestolen skulle stå. Og der møtte Gud folket, men det måtte skje ved ein mellommann,
øvstepresten. Berre han kunne gå inn der, berre ein gong om året. Då måtte han
ha offerblodet med til soning for synd.
I den nye pakt er det Jesus. Han har gått inn
i den himmelske høgheilagdomen og gjort soning for alle menneske ein gong for
alltid. På langfredag vart skiljeveggen riven ned. Nå kan me alle gå rett inn
til Gud og be om nåde. Kristus er vår nådestol og offerplass. Han har gitt oss frimod til å gå like inn til Gud. Har du
vore der? Og er du der framleis?
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar